onsdag 28. september 2011

Pølsegryte

Når vi begge jobbar seint bør middagen vere enkel og rask å tilberede.
Her kjem et meget enkelt middagstips,  
for travle kvardagar med jobb og andre aktivitetar. 
Oppskrifta har vi funne hos en av våre favorittbloggarar Lena Beatrice. :) 

Vanskelig å få denne gryta til å sjå apetittvekkande ut, men den ER god altså! ;)
Du treng 

500 g Pølser (du finn fleire "reine" pølser med karboinnhold på 5 g eller mindre) 
1 Løk 
1-2 dl Fløyte 
1 boks Tomatpuré (kjøp den lille hermetikkboksen til Landlord på Rema, den har kun 4 g karbo! :)  

Skjær opp pølser og løk (denne gongen hadde vi oppi litt paprika òg :) 
og steik det i smør i ei stor steikepanne eller wokpanne. 
Hell over fløyte, ha i en liten boks tomatpuré 
og la det koke eit par minutt. 

Enjoy! :)

tirsdag 27. september 2011

Mandelkjeks

Etter ei nydelig langhelg i fagre Nordfjord, 
og ein koselig svipptur innom Ålebyen,
er vi tilbake til kvardagen her i Stavanger. 

Vi har laga mykje god lavkarbomat i helga, 
men uten pc og kamera blir blogging litt vanskeligare. ;)
Men før helga laga vi nokre gode Mandelkjeks som vi virkelig anbefalar, 
og oppskrifta fann vi på den inspirerande bloggen til Linn. :)


Du treng 

2 dl Mandlar
1 dl Sesamfrø
2 Eggekviter
1/2 ts Salt
1 ts Sukrin
2 ts Fiberhusk

Mal mandlane og bland saman alle ingrediensane. 
Lag små bollar, trykk dei flate på bakepapir og strø havsalt over. 
Steikast på 180 grader i 20 minutt. 

Supergode med ost! 
Trur det må bli ost, kjeks og vinkveld snart gitt ;) 
Ha en fin tirsdagskveld 

onsdag 21. september 2011

Fløytestua Brokkoli

Her kjem eit lite tips til korleis du kan lage
verdens enklaste og beste tilbehør 
- som kan brukast til alt.

Rakk akkurat ikkje å ta bilde av tallerken før Jan herpa laksen.. ;)

Du treng

Brokkoli eller Blomkål
(Eller blanding av begge)
Fløyte
Johannesbrødkjernemel

Kutt brokkoli (vi brukar ein heil til to personar) i bitar og ha det i ein kjele. 
Hell over eit par desiliter fløyte
og la det koke på middels varme nokre minutt
 til brokkolien blir mjuk. 
Ha over ei teskei Johannesbrødkjernemel
og la det koke til det tjuknar. 

Serverast til fisk, fugl eller anna kjøtt. Nyt 

mandag 19. september 2011

Frokostsmoothie

God morgen! Ny veke, nye muligheter. :)

Eg starta dagen med min favorittfrokost, nemlig frokostsmoothien min.


Denne er inspirert av Bli Sunn-Ann Kristin sin Bringebærsmoothie og er berre heilt nydelig. Eg varierer litt på innholdet, og veg sjelden opp ingrediensane. Av og til brukar eg jordbær, eller byttar ut eit egg med fløyte. Alt etter kva som er i kjøleskapet. ;) Lagar den som oftast utan mandlar, men det er veldig fint å kunne variere litt for ikkje å gå lei. Mange som har prøvd den likar ikkje Cottage Cheese-konsistensen, men om ein har i litt mandlar merkar ein ikkje det. Her kjem oppskrifta;

100 g Frosne Bringebær 
100 g Cottage Cheese 
2 rå egg (ikkje la deg skremme av dette ;)
En liten neve Mandlar
Litt Sukrin eller Stevia


Ha alt i blender og kjør til mjuk masse. Syns kanskje den minner meir om yoghurt enn smoothie, eg et den iallefall frå skål med skei. ;)  

No skal eg ta på meg joggeskoa og springe en tur i sola før jobb. 
Ha en nydelig mandag ♥ 

onsdag 14. september 2011

Kyllinggryte


Kveldens middag er inspirert av ei supergod oppskrift 
eg har fått i frå ei supergod venninne. ;) 
Vi har gjort den lavkarbovennlig og lagar den ofte! 


Til to personar treng du;

Smør til steiking
350 g Kyllingfilet
1 Brokkoli
1/2 Paprika
1 stor Løk
1 boks Crème Fraiche

Gjennomsteik kyllingen i wokpanne. 
Skjær opp og ha i grønnsakene og la dei surre et par minutt.
 Ha i krydder (paprikapulver, kvitløkssalt etc.) etter eget ønske.
Ha deretter i en boks Crème Fraiche 
og la det koke et par minutt før servering. :)

søndag 11. september 2011

Sjokolademuffins dagen derpå

Søndagen har blitt tilbrakt på sofaen etter gårsdagens trivelige fest hos gode venner. Slakke kroppar fortener litt søndagskos etter ei innholdsrik helg, så derfor trylla vi fram sjokolademuffins i kveld.

Vi tok utgangspunkt i LCHF-bloggen si oppskrift
og modifiserte litt etter innholdet i kjøkkenskapet vårt.


100 g malte mandlar
80 g smelta Meierismør
100 g mørk sjokolade (gjerne 86%)
1 dl kremfløyte
0,5 dl Sukrin
4 egg
1 toppa ts Bakepulver

Mal mandlane i en blender eller kvern.
Smelt smør og sjokolade på svak varme.
Visp sammen egg, sukrin og kremfløyte.
Bland sammen alle ingrediensane og ha i bakepulver til slutt. 
La røra stå eit par minutt og kvile før du har den over i muffinsformer. 
Steikast i 15-20 minutt på 180 grader. 
Avkjøl og nyt ♥  



lørdag 10. september 2011

Poteta i fokus

Næringsinnhald kokt potet (pr. 100 gram):
80 kcal
1,9 gram protein
0,1 gram fett
17,1 gram karbohydrat


Poteta er forholdsvis kalorifattig, og inneheld lite protein og fett. Den inneheld derimot mykje stivelse, som kroppen bryt ned til glukose (sukker), og gjev ein betydelig auke i blodsukkeret.

Vi har kutta ut poteter frå vårt kosthald,
då vi meiner grønsaker (f.eks. brokkoli) er eit mykje betre alternativ.

Er du på streng lavkarbodiett bør du vere forsiktig med inntak av potet,
sjølv om det er å anbefale foran kvit ris og pasta.

torsdag 8. september 2011

Smørsalget aukar!

Ifølge ei pressemelding fra Opplysningskontoret for Meieriprodukter har forbruket av Ekte Meierismør i Norge økt med ca. 12% i første halvdel av 2011! Gledelige nyheter! Håpar forbruket av det helsefarlige margarinet peiker i ei bratt kurve nedover!

Ekte meierismør er laga av naturlege råvarer og inneheld mykje sunt metta fett som kroppen treng. Margarin derimot, inneheld usunne oljer, høgt innhald av ugunstig Omega-6 og er fullstendig blotta for viktige næringsstoff. Tanken på korleis margarin blir produsert burde skremme dei fleste... (Både Mills i Norge og Arla i Sverige nekter å vise korleis margarin blir produsert...)

Norske helsemyndigheter anbefalar oss å velge margarin framfor naturleg smør. Kvar er logikken? Kvar er forskninga som faktisk viser at margarin er ufarleg?

Kva brukar du? Smør eller margarin?

onsdag 7. september 2011

Nydelig fiskegryte

Her kjem oppskrift på den fantastisk gode 
fiskegryta vi hadde til middag i kveld, prøv den! :)

Til to personar hadde vi;

600 g Seifilet (eller anna kvit fisk)
1 boks Seterrømme
1 liten Purre
Meierismør
Karri
Salt

(med tomt batteri på kameraet måtte vi ty til mobilbilde..)

Skjær Seifileten i små bitar og steik den eit par minutt i Meierismør. 
(vi brukte Wokpanne for å få plass til alt :)
 Ta deretter fisken ut av woken og legg den på ein tallerk. 
 Ha godt med smør og ein boks Seterrømme i woken.
 Skjær purre i små bitar og ha det oppi Seterrømmen, 
smak til med Salt og Karri.
 La det koke eit par minutt før du har fisken tilbake i woken igjen, 
og la det koke eit par minutt til. 
Serverast med brokkoli eller andre grønnsaker. 
Nyyyyyt! :) 

D-vitamin

God morgen!

Dei siste dagane har sola vore fråværande (bortsett fra eit par timar igår morgon) så eg syns derfor det passar å snakke litt om eit viktig vitamin (eller hormon om du vil), nemleg D-vitamin.

Nordmenn er ikkje akkurat bortskjemt med solstrålar, spesielt ikkje på hausten og vinteren. Derfor er det viktig å tilføre kroppen nok av det viktige D-vitaminet. Forskning viser nemleg at D-vitamin kan beskytte mot bl.a. influensa, kreft og andre sjukdomar. Fant eit par beskrivande innlegg om viktigheten av D-vitamin her og her.

Norske myndigheter anbefalar eit inntak på 750 IE pr. dag, noko som er svært lite. Til opplysning kan det nevnast at ein halvtime i sterk sol gjev ca. 10 000 IE D-vitamin. Kvifor helsemyndigheitene ikkje anbefalar nordmenn større inntak av D-vitamin er ei gåte...

Vi tar minst 2000 IE D-vitamin kvar dag no på hausten, og vil nok auke når vinteren gjer sitt inntog. Vi anbefalar deg å gjere det samme :)

tirsdag 6. september 2011

Lavkarbo Knekkebrødfavoritt

I dag skinner sola i Stavanger,
deilig med litt sol innimellom regnbygene. 
Frokosten i dag vart mine favorittknekkebrød,
 som min kjære laga et brett av i går kveld.

Med frokost og en kopp kaffi i magen er eg klar for en ny dag på jobben. Fin tirsdag til deg 


Knekkebrøda lagar vi slik

250 g Solsikkekjerner
150 g Linfrø
150 g Sesamfrø
6 dl Vatn
1 ss Fiberhusk

Sett ovnen på 160 grader. 
Bland alle ingrediensane sammen i en bakebolle,
og la det stå og svelle et par minutt. 
Legg bakepapir på to steikeplater og smør massen utover platene. 

Rut opp knekkebrød med pizzahjul
etter at knekkebrøda har stått i ovnen i cirka 20 minutt. 

varmluftsovn kan du steike to brett om gongen,
 la platene bytte plass to gongar undervegs, og snu dei med forsida inn.  
vanlig steikeovn steiker du berre eitt brett om gongen.

Røra skal holde til 32 små knekkebrød,
som gjev mindre enn 0,8 g karbohydrat per knekkebrød!

Lavkarbo og trening


Det er mange meiningar om trening i forbindelse med eit kosthald med lite karbohydratar. Enkelte meinar at ein ikkje kan prestere godt utan karbohydratar, medan andre meinar dette er feil. Eg er av den oppfatning av at dette er feil, og vil no kome med eigne erfaringar.

Tidlegare, når det gjaldt utholdenhetstrening, har eg slete med melkesyre og tunge bein, men etter eg la om til eit lavkarbokosthald er melkesyra borte. Ganske nice! Når det gjeld utholdenheten er den merkbart betre enn før, sjølv om eg ikkje trenar meir kondisjon no enn det eg gjorde tidlegare.

Eg har ein følelse av at det kan ta litt tid før kroppen blir "varm" og fettforbrenninga kjem skikkelig i gang når eg tar meg ein joggetur eller ei intervalløkt, men når den først gjere det føles det veldig bra ut!


Andre myter ein høyrer er "Du får ikkje effekt av styrketrening utan inntak av karbohydratar". Dette meiner eg òg er feil.
Tidlegare, då eg åt mykje karbohydratar, vil eg beskrive styrkeøktene mine som til tider svært ustabile. Energien var ofte fraværande, og evna til å prestere jevnt i drøye 1t - 1 1/2t var ikkje-eksisterande. No derimot er dette ingen problem! No føler eg at eg har energi gjennom heile styrkeøkta, og eg er veldig fornøgd med progresjonen. Heilt utan karbohydratar. Men med meir protein og feitt.

Har du nokre erfaringar eller tips du vil dele når det gjeld trening og lavkarbo?

mandag 5. september 2011

Fløyelsgraut

God morgen! Sjølv om eg begynner seint på jobb i dag, synst eg det er deilig å stå opp tidlig (når eg endelig fikk dratt meg sjølv ut av den varme senga...) og ha god tid til frokosten. Ingenting er som en lang og god frokost med tente lys, frokost-tv og ein stoooor kopp kaffi, samtidig som eg oppdaterer meg på fine bloggar og dagens nyheter. Fin start på veka! :)

Min nye frokostfavoritt er fløyelsgraut, så enkelt og så godt! 
Her kjem oppskrifta som eg har fått frå min snille lillebror; 

Fløyelsgraut

1 ss Meierismør
1,5 dl Kremfløte
1/2 ts Johannesbrødkjernemel


Smelt smør i ei lita panne, hell over fløyte, 
og strø over ei halv teskei JBKM mens du rører godt med visp.
 La det koke til det blir tjukt. Nytast med Sukrin, Kanel og Smørauge. ;)
No ventar kaffikoppen på meg, ha en fin mandag 

søndag 4. september 2011

Fårikål på lavkarbovis

Dagens søndagsmiddag vart Fårikål.


Hodekål og lammekjøtt er perfekt lavkarbomat.
Oppskrifta henta vi frå Matprat, men dropp potetene! :) 

Kvifor lavkarbo?

Ho har så lenge ho kan huske hatt problem med magen, og etter mange legetimar, gastroskopi og andre undersøkelsar fekk ho beskjed om at dei ikkje kunne finne noko gale. Det var ikkje noko å gjere med mageproblema og dette var noko ho berre måtte leve med. Ho syns ikkje noko om dette livet, og bestemte seg for å ta saken i egne hender. Systematisk kutta ho ut brød, pasta og det meste som inneheldt mjøl, og magen vart betre. I jula 2010 leste ho alt ho kom over om lavkarbo, og satte i gong med dette kostholdet etter nyttår. Mageproblema er per dags dato ikkje-eksisterande. I tillegg har ho mykje meir energi enn før, den ureine huda i ansiktet er vekke, ho sovnar fortare og søv mykje betre enn tidligare, og humørsvingningane er så godt som borte. :) 
Han var veldig skeptisk til lavkarbolivsstilen når ho først begynte, men forsto etter kvart at det var verdt å prøve. Og han har ikkje angra. Han har òg opplevd fleire positive ting etter å ha redusert kraftig på karbohydratinntaket sitt. Den oppblåste magen kvar kveld er historie, og magen fungerar betre enn nokon gong. Når det gjeld trening har han opplevd stor framgang, takka vere meir energi og lenger utholdenhet i treningsøktene. Ein stor bonus for han er betre humør, og eit meir stabilt temperament. (Bortsett fra når favorittlaget i fotball taper.... ;)
Nå har jeg registrert meg på Bloggurat.