torsdag 24. november 2011

Lavkarbo Osterundstykker

Desse rundstykkene er nydelege 
- smakar nesten som vanlige rundstykker. :)  
Oppskrifta har vi funne her.


2 dl Sesamfrø
1 dl Linfrø
4 ss Mandelmel
4 ss Pofiber/Glutenmjøl
6 ss Fiberhusk
2 ts Bakepulver
2 ts Salt
2 ts Sukrin

6 ss Kokosolje
12 ss Kremfløyte 
8 store Egg
8 dl raspa Kvitost 


♥ Bland alt det tørre godt saman
 Ha i olje, kremfløyte, egg og kvitost, og bland godt
♥ La stå 10 minutt og svelle 
♥ Lag 16 rundstykker og legg på bakepapirkledd steikebrett
♥  Steikast på 200 grader i 20-25 minutt

Ha ein fin torsdag :) 

tirsdag 22. november 2011

Lavkarbo Julebakst: Nøttekyss

I år blir all vår julebakst utan mjøl og sukker. 
Derfor må vi finne gode alternativ 
og begynner tidlig med eksperimentering og smaking. ;)

Første forsøk vart vellykka og oppskrifta fann vi her
Smakar akkurat som høgkarbovarianten, gode og sprø!

Du treng;
100 g Sukrinmelis 
3 eggekvitar 
150 g malte Hasselnøtter


Pisk eggekvitane stive
Sikt i sukrinmelisen og vend det forsiktig inn
Ha i dei malte hasselnøttene og rør det inn

♥ Lag toppar av røra på bakepapirkledd steikeplate
Ha ei nøtt på toppen (her vart det Walnøtt i mangel på Hasselnøtt) 

Steikast på 160 grader i 10-15 minutt (til dei er gylne) 
♥ Avkjølast på rist og nytast til ein god kopp kaffi!

lørdag 19. november 2011

Lavkarborull med godt fyll

Her kjem eit tips til kveldskos eller lunsjmat. 
Like god kald som varm. 

Oppskrifta har vi funne hos Linn :)


Botn

3 egg
120 g kremost
4 toppa ss Soyamjøl
3 ss Sesamfrø
1 ss Fiberhusk
4 ss Mandelmjøl 

Fyll

1 purre
150 g skinke
Krydder 
Ost til topping
(desse kan lagast med ønska fyll, ny-de-lig med pizzafyll )


 Bland egg og kremost, og tilsett det tørre. 
♥ Smør røra utover ei bakepapirdekt steikeplate. 
Steikast i ovnen på 200 grader i 15 minutt.

♥ Ha over purre, skinke og ost 
og ha fyllet utover den ferdigsteikte bunnen. 
Sett dette tilbake i ovnen i 4 minutt til osten er smelta. 

Rull bunnen som ei rullekake og la rullen ligge med skøyten ned.
♥ Sett det inn igjen i ovnen og la det steike i 7 minutt. 

Influensaen har herja i kroppen dei siste dagane
 så her i stova står sjølvpleie på planen. 
I kveld blir det sofakos med Lasagne på menyen
og Hodejegerne på skjermen.

God helg til alle! :)

mandag 7. november 2011

Gode lavkarborundstykker!

Her har det gått i ett dei siste vekene, 
vi har jobba mykje og vore ute og farta.
Men no er vi tilbake i Stavanger by, 
og det betyr matlaging og blogging igjen. :) 

Her kjem ei oppskrift på gode rundstykker,
originaloppskrifta har eg funne hos Charlotte
Rundstykka blir ulike kvar gong eg lagar dei,
alt etter kva vi har i skuffer og skap.


Du treng  

4 egg
1/2 boks Creme Fraiche Original
2 ss Kokosolje
30 g Fiberhusk
30 g Fibrex 
50 g Malte mandlar
30 g Solsikkekjerner
2 ts Bakepulver
1,5 ts Salt


♥ Bland alt det våte (egg, Creme Fraiche og olje)
♥  Ha i det tørre, og rør godt.  
♥ Sett ovnen på 175 grader 
♥ La røra stå og godgjere seg i 10-15 minutt
♥  Form bollar med hendene (ha gjerne litt vatn på hendene om det blir klissete:) 
♥ Legg dei på bakepapirkledd steikeplate  
♥ Steikast midt i ovnen i 25-30 minutt