lørdag 11. januar 2014

Halvgrovt lavkarbobrød

Eksperimenterer stadig med brødoppskrifter
for å finne det perfekte brød. 
Dette trur eg er det næraste eg har vore - så langt. 

Oppskrifta under er til eit lite brød
 (22 cm/1,3 liter brødform)


Du treng..

50 gram smelta kokosolje/meierismør (gjerne begge deler)
9 egg 

1 dl mandelmjøl (ikkje fettredusert!)
1 dl sesammjøl
0,5 dl kokosmjøl 
2 ss fiberhusk
1 ss bakepulver
litt salt

100 gram valnøtter
0,5 dl linfrø
0,5 dl solsikkekjerner
(blautlegg nøtter og frø/kjerner over natta for å fjerne fytinsyre. Kvifor? Les her.

Slik gjer du..

Visp egga godt og ha i smelta (men avkjølt)
olje/smør før du vispar vidare. 
Bland alt det tørre og visp det godt inn. 

Hell av vatnet og knus nøtte-frø-kjerneblandinga
 med stavmikser/kjøkkenmaskin og bland det inn. 

Ha røra i ei brødform og la det svelle i 15 minutt.
Steikast i 50-60 minutt på 175 grader, 
til brødet er gyllent. 

onsdag 11. desember 2013

Den Flade Maves Grød

Om grauten gir flat mage kan vel diskuterast, 
men den er blitt en favoritt til frokost (og lunsj, og kvelds..). 
Prøvar å begrense oss til ein gong om dagen. ;)
Den er ikkje lavkarbo, men den er snill mot blodsukkeret 
og stappfull av næring som gjer godt for kroppen. 
Det synes eg er viktigare enn antall karbohydratar.

Oppskrifta kan du finne hos sprudlande sunne Linn. :)
Eg likar min best med meierismør, litt sukrin, 
kardemomme, kanel (ceylon) og vaniljepulver. 
mmmMmm! Gler meg allerede til neste porsjon. ;)

onsdag 4. desember 2013

Lavkarbobrød

Dette brødet blir forskjellig kvar gong eg lagar det.
Tar det eg har i skapet av "mjøl" 
og varierer blandingsforholdet. 
I dag blanda eg mandelmjøl og sesammjøl, 
og det vart veldig godt!
Grunnoppskrifta er slik;

12 egg
2,5 dl "mjøl" (mandelmjøl/kokosmjøl/sesammjøl)
50 gram smelta kokosolje (meierismør kan brukast òg)
En halv boks (1 dl) kokosfløyte (Go Tan eller Santa Maria)
3 ss fiberhusk 
1 ss bakepulver
litt salt 

Visp egga godt.
Smelt kokosoljen, kjøl den ned litt, og ha den i egga.
Ha i en boks med kokosfløyte og pisk vidare. 
Bland det tørre og ha det i eggeblandinga. Rør godt. 

Ha røra i ei lita brødform (eg brukar ei som er 25 cm/1,3 liter).
Sett ovnen på 175 grader. 
La brødet stå 15 minutt og svelle. 
Steik brødet i 45-50 minutt til det er gyllent. 

Enjoy 

tirsdag 3. desember 2013

Adventskos ♥ Bounty

Bounty-hjerter a la Fotballfrue
Nydelige på smak og enkle å få til. 
Og så er dei ikkje så aller verst innholdsmessig heller. ;)

søndag 1. desember 2013

Kylling i peanøttsaus

En skikkelig deilig lørdagsmiddag, 
men den kan fint etast søndag òg altså. ;)

Oppskrifta fann vi hos fine 56kilo.se 
og den er så god at den blir laga nesten kvar veke! NAM :)

tirsdag 26. november 2013

En god hjelper i hus

Deilig å endelig ha denne lille fine hjelperen godt plassert på kjøkkenbenken. Blir veldig fint å sleppe å bruke handmikseren til årets julebakst. Litt redd for at det blir baka meir enn mannen vil tillate framover.. ;)

Til helga er det vel lov å begynne litt forsiktig? :)

Tar gjerne i mot tips til oppskrifter på vellykka
glutenfri, sukkerfri og karbohydratredusert julebakst!

lørdag 23. november 2013

Moussaka

Fredag er fortsatt favorittkvelden, 
sjølv om alle dagar føles like i permisjonsverden. 
God mat og gullrekka på skjermen slår ikkje feil. 


I går eksperimenterte vi litt igjen og laga moussaka etter denne oppskrifta. Digg digg digg. :)